Fann kjemien under kjemoterapien

Alle vekene dei sat saman under cellegiftbehandling, gjorde Ina og Camilla til bestevener.

To kvinner sitter på en benk og ler.
Camilla Berner (t.v.) og Ina A. Toverud hadde ikkje vore vener i dag viss ikkje dei begge hadde fått brystkreft. Foto: Jorunn Valle Nilsen

Natt til 17. mai 2014 ligg to kvinner i kvart sitt hus på kvar si side av motorvegen på Høvik i Bærum. Den eine i ei seng, den andre på ein sofa. Dei er like gamle, har barn på same alder, dei er begge einslege.

Og dei har aldri møtt kvarandre før.

I nesten same stund kjenner dei ein kul i venstre bryst.   

– Det er sikkert BH-spilen, tenker Ina A. Toverud.

– Ein stein, tenker Camilla Berner.

Dei står opp, ser seg i spegelen og forstår at dei må gå til legen. Men sidan det er helg og nasjonaldagen skal feirast, stryk dei bunadsskjorta og ventar til måndag.

Frykt for cellegift

Begge trur dei må vente på resultata av mammografien og får sjokk når svaret blir gjeve der og då.    

– Då ein sjukepleiar og ein lege kom saman, skjønte eg at dette ikkje var for å seie «god sommar», seier Ina og ler.

– Det blei ikkje betre då dei tok meg med inn på eit rom der det stod Kleenex på bordet.

Sjølv om ho kan le av det i dag, raste verda hennar saman på parkeringsplassen utanfor sjukehuset. Åleine og uventa hadde ho fått vite at ho hadde ein vondarta svulst i brystet med spreiing til lymfene, og at ho måtte igjennom operasjon, cellegift, stråling og medisinar i 10 år.

Eg gjekk rett i kjellaren. Cellegift var det eg var aller mest redd for.

Ina A. toverud

Kort tid etter var det Camilla sin tur til å knekke saman. Ho var nyoperert og sikker på at behandlinga var over då kulen var ute. Men legane ville ha ho på cellegift.    

– Først då fekk eg følelsen av å vere ein kreftpasient. Miste håret, bli tynn, radmager og likbleik. Plutseleg skulle eg vere ein av dei, fortel Camilla.

Men kjemoterapien blei aldri så ille som dei hadde trudd. Det skal kreftsjukepleiar Guro Ullern Tonning ta delar av æra for.      

En gruppe kvinner i et rom.
Ina og Camilla er tilbake på kreftklinikken for å helse på kreftsjukepleiar Guro Ullern Tonning (t.h.). Foto: Jorunn Valle Nilsen

Gift og glede

– Det var du som introduserte oss, Guro. Det hugsar eg godt!

Dei to sprudlande 52-åringane er tilbake på kreftklinikken på Bærum sjukehus for å helse på kreftsjukepleiaren som førte dei saman. Ina fortel oppglødd om det første møtet med Camilla.

– Eg hugsar eg tenkte ein del gonger: «Vi ler mykje. Er det nokon her inne som synest det blir litt for mykje?»   

– At vi to ler for mykje? Det kan eg aldri tenke meg, ertar Camilla og ser undrande bort på Guro.

– Det var berre fint, det! Veldig mange har stor glede av å møte nokon i same situasjon, og vi veit at det kan gje god støtte under behandlinga, seier den erfarne kreftsjukepleiaren.  

Guro har tatt oss med inn i eit stort, lyst rom med sjøutsikt, lenestolar og blanke posar hengande på stativ.

Eg er ikkje glad i ordet cellegift. Det er så negativt lada. Eg gjev jo medisin, ikkje gift.

Guro ullern tonning

Heile ni år har gått sidan dette var den andre heimen til Ina og Camilla. Her gjekk føremiddagane med til å sitte i ein stol, få eit stikk og så vente mens cellegifta flaut rundt i blodet, på jakt etter uoppdaga kreftceller.

– Den første veka var eg uggen, litt som å vere fyllesjuk. Det hadde eg jo vore før. Så då tenkte eg litt sånn: «No er eg uggen, neste veke får eg dårleg immunforsvar, og så er eg heilt fin ei veke». Cellegift var ikkje så ille som eg hadde forventa, fortel Camilla.

Dette stemmer med Guro sitt inntrykk i møte med mange kreftpasientar.

– Før høyrde ein at alle låg og kasta opp, men sånn er det ikkje lenger. Vi har fått veldig mange medisinar som hjelper mot biverknadene, seier ho.

Gav kvarandre energi

Sjølv om behandlinga gjekk fint for Camilla, syntest ho det var tungt å sitte der saman med dei sjukaste kreftpasientane.

– Eg trong nokon som var meir lik meg sjølv, som ikkje skulle døy, og som ikkje berre ville snakke om sjukdom, forklarer ho.

Ei som Ina, ho som sat i eit hjørne omgjeve av lys, liv og latter. Camilla spurde pent om dei kunne sitte saman, og slik blei det.  

– Det betydde enormt mykje å ha kvarandre i den tida. Det var berre å spytte ut det ein tenkte, og den andre forstod, mimrar Camilla.

Dei hadde ingen å kome heim til. Ingen arm å ligge på når dei var lei seg. Ingen å snakke med om frykt for døden eller om bekymringar for borna. Før dei møtte kvarandre og blei sittande saman. Time etter time. Veke etter veke.  

– Vi blei veldig fort nære. Og så fant vi ut at vi likte kjempegodt å vere saman på fritida også. Då blei det naturleg å berre fortsette venskapet, då, seier Ina og humrar.

Dei fortel ivrig om alt dei har opplevd saman i åra sidan. Om korleis Camilla har hengt med Ina på stavgang og dekktrekk. Om hytte-, ski- og utanlandsturar.

– Vi er òg gode på å berre kose oss med mat og vin eller ein kaffikopp, forsikrar Ina mens ho drar etter pusten.

Guro kastar seg inn:

– De er jo nesten som systre, jo! Det er skikkeleg hyggeleg og morosamt at de framleis har så god kontakt.

Det er Ina og Camilla einige i. Dei har ofte tenkt på korleis livet hadde vore i dag viss dei ikkje hadde oppdaga ein kul i brystet natt til 17. mai for snart 10 år sidan.

– Viss eg hadde fått valet på nytt: «Eit liv utan kreft og utan Ina» eller «Eit liv med kreft og med Ina», så hadde eg heilt klart tatt heile pakka på nytt, slår Camilla fast, og Ina nikkar.

Eg er veldig glad for at ein så kjip beskjed kunne føre til noko så fint som å få deg som ven!

Tekst: Hanne Marie Molde

Var dette nyttig?